Om en uke er det norsktentamen i sidemål, og for å forberede oss til det overrasket læreren vår oss med en skriveoppgave i norsktimen i dag. Teksten skulle begynne med "Ho sit der" så skulle vi skrive videre så mye vi fikk tid til på de resterende 20 minuttene av timen. Her er mitt resultat:
Ho sit der. På bare bakken i hjørna der dei to murveggane møtes. Det må vera kaldt. Ei tynn linbukse og ei gul t-skjorte er alt ho har på seg sjølv om det framleis berre er 6.april og langt i frå noko varme. Ho sit der med beina godt trukken opp under seg, med ei bok i fanget. Ho les. Ho latar i allefall som om ho gjer det. Auga hennar er blodskutte. Det er tydelig at ho har grått. Kanskje ho ikkje les, berre tenkjer. Tenkjer på kva enn som har forårsaka denne triste sinnsstemninga.
Eg kan ikkje skjønne kva det kan være. Til vanleg er ho tilsynelatande perfekt og lukkeleg. Alltid smilande og glad, grei med alle, gode karakterar og mange vener har ho. Kva meir treng ein eigentleg? undrar eg meg. Hadde eg hatt det som ho så hadde eg ikkje sotte og grått over det på asfalten, inntil ein murvegg i tynne klær i byrjinga av april. Men det er kanskje meir som gøymer seg bak fasaden? Eg blir med eitt nysgjerrig og får lyst å gå å setje meg ved sida av ho og spørje om alt er bra. Men ho ville vel ikkje fortald meg det uansett. Nei, kva er det eg tenkjer med? Sjølvsagt vil ho ikkje det!
Det han ikkje visste, var at det var akkurat det ho trengte...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Takk for en interessant blogg
Legg inn en kommentar